6 Den som kjem nær noko slikt, er urein heilt til kvelds, og han skal ikkje eta av dei heilage gåvene før han har vaska heile kroppen sin i vatn.
7 Når sola glader, er han rein. Sidan kan han eta av dei heilage gåvene, for det er maten hans.
8 Dyr som er sjølvdaude eller ihelrivne, skal han ikkje eta, for då blir han urein. Eg er Herren.
9 Dei skal halda seg etter det som eg har fastsett, så dei ikkje påfører seg skuld og døyr fordi dei vanhelgar det som er heilagt. Eg er Herren, som helgar dei.
10 Ingen uvigsla skal eta det som er heilagt. Den som held til hos presten eller er leigekar hos han, skal ikkje eta det som er heilagt.
11 Men når ein prest kjøper ein slave som sin eigedom for pengar, då kan slaven eta av det heilage; dei som er fødde i huset hans, kan eta av maten hans.
12 Når ei prestedotter gifter seg med ein uvigsla, må ho ikkje eta av dei heilage offergåvene.