8 Dyr som er sjølvdaude eller ihelrivne, skal han ikkje eta, for då blir han urein. Eg er Herren.
9 Dei skal halda seg etter det som eg har fastsett, så dei ikkje påfører seg skuld og døyr fordi dei vanhelgar det som er heilagt. Eg er Herren, som helgar dei.
10 Ingen uvigsla skal eta det som er heilagt. Den som held til hos presten eller er leigekar hos han, skal ikkje eta det som er heilagt.
11 Men når ein prest kjøper ein slave som sin eigedom for pengar, då kan slaven eta av det heilage; dei som er fødde i huset hans, kan eta av maten hans.
12 Når ei prestedotter gifter seg med ein uvigsla, må ho ikkje eta av dei heilage offergåvene.
13 Men blir ho enkje eller fråskild og ikkje har born, og ho så kjem tilbake til farshuset sitt, då kan ho eta av maten hans som då ho var ung. Men ingen uvigsla må eta av den maten.
14 Når ein mann av vanvare et noko heilagt, skal han betala presten for det heilage og leggja til ein femtedel.