13 og grødeofferet som høyrer til. Det skal vera to tiandedels mål fint mjøl blanda med olje. Det er eit gåveoffer for Herren til godange. Drikkofferet skal vera ein fjerdedels hin vin.
14 De skal ikkje eta brød og ikkje steikt eller friskt korn før den dagen de ber fram offergåva til dykkar Gud. Det skal vera ei evig forskrift for dykk gjennom alle slekter, kvar de så bur.
15 Frå dagen etter sabbaten, frå den dagen de kjem med kornbandet som skal svingast, skal de telja sju fulle veker.
16 De skal telja femti dagar, til dagen etter den sjuande sabbaten. Då skal de bera fram for Herren eit grødeoffer av den nye grøda.
17 Frå bustadene dykkar skal de ta med to brød som skal svingast. Dei skal lagast av to tiandedels mål fint mjøl og bakast med surdeig. Det er førstegrøda for Herren.
18 Attåt brødet skal de bera fram sju årsgamle lam utan feil, ein ung okse og to vêrar som skal vera brennoffer for Herren, og grødeofferet og drikkoffera som høyrer til. Det er eit gåveoffer til godange for Herren.
19 Så skal de ofra ein geitebukk som syndoffer og to årsgamle lam som fredsoffer.