23 Herren sa til Moses:
24 Tal til israelittane og sei: Den første dagen i den sjuande månaden skal de halda kviledag. Då skal de blåsa i horn og minna om den heilage samlinga.
25 Den dagen må de ikkje gjera noko arbeid, og de skal bera fram gåveoffer for Herren.
26 Herren sa til Moses:
27 Merk dykk den tiande dagen i denne sjuande månaden, soningsdagen. Det skal vera ei heilag samling for dykk, de skal audmjuka dykk og bera fram gåveoffer for Herren.
28 Den dagen må de ikkje gjera noko arbeid, for det er soningsdag. Då skal det gjerast soning for dykk for Herren dykkar Guds andlet.
29 Kvar den som ikkje audmjukar seg den dagen, skal støytast ut frå folket sitt.