26 Herren sa til Moses:
27 Merk dykk den tiande dagen i denne sjuande månaden, soningsdagen. Det skal vera ei heilag samling for dykk, de skal audmjuka dykk og bera fram gåveoffer for Herren.
28 Den dagen må de ikkje gjera noko arbeid, for det er soningsdag. Då skal det gjerast soning for dykk for Herren dykkar Guds andlet.
29 Kvar den som ikkje audmjukar seg den dagen, skal støytast ut frå folket sitt.
30 Og kvar den som gjer noko arbeid den dagen, vil eg rydda ut av folket.
31 De skal ikkje gjera noko arbeid. Det skal vera ei evig forskrift for dykk gjennom alle slekter, kvar de så bur.
32 Ein sabbat, ein kviledag, skal det vera for dykk, og de skal audmjuka dykk. Frå kvelden den niande dagen i den månaden, frå den kvelden til den neste, skal de halda kviledag.