30 Og kvar den som gjer noko arbeid den dagen, vil eg rydda ut av folket.
31 De skal ikkje gjera noko arbeid. Det skal vera ei evig forskrift for dykk gjennom alle slekter, kvar de så bur.
32 Ein sabbat, ein kviledag, skal det vera for dykk, og de skal audmjuka dykk. Frå kvelden den niande dagen i den månaden, frå den kvelden til den neste, skal de halda kviledag.
33 Herren sa til Moses:
34 Tal til israelittane og sei: Frå den femtande dagen i denne sjuande månaden skal de halda lauvhyttefest for Herren i sju dagar.
35 Den første dagen skal det vera ei heilag samling. Då må de ikkje gjera noko arbeid.
36 Sju dagar skal de bera fram gåveoffer for Herren. Den åttande dagen skal de halda ei heilag samling og bera fram gåveoffer for Herren. Då er det høgtidssamling, og de må ikkje gjera noko arbeid.