38 I tillegg kjem Herrens sabbatar, gåvene og lovnadsoffera dykkar og dei frivillige offera som de gjev Herren.
39 Merk dykk den femtande dagen i den sjuande månaden, når de samlar inn grøda i landet. Då skal de feira Herrens høgtid i sju dagar. Den første dagen skal vera kviledag, og den åttande dagen skal vera kviledag.
40 Den første dagen skal de ta frukt av edle tre, palmeblad, greiner av lauvtre og av piletre ved bekkene, og de skal gleda dykk i sju dagar for Herren dykkar Guds andlet.
41 Kvart år skal de feira høgtid for Herren i sju dagar. Det skal vera ei evig forskrift for dykk gjennom alle slekter. I den sjuande månaden skal de feira denne høgtida.
42 Då skal de bu i lauvhytter i sju dagar. Alle som er fødde i Israel, skal bu i lauvhytter,
43 så etterkomarane dykkar skal vita at eg lét israelittane bu i hytter då eg førte dei ut frå Egypt. Eg er Herren dykkar Gud.
44 Moses kunngjorde Herrens høgtider for israelittane.