16 Og den som spottar Herrens namn, skal døy; heile lyden skal steina han. Anten han er innflyttar eller fødd i landet, skal han drepast når han spottar Namnet.
17 Når nokon slår i hel eit menneske, skal han døy.
18 Den som slår i hel eit husdyr, skal gje vederlag for det, liv for liv.
19 Når nokon skader landsmannen sin på kroppen, skal det same gjerast med han som han sjølv har gjort:
20 brot for brot, auge for auge, tann for tann. Den same skaden som han gjer ein annan, skal han sjølv få.
21 Den som slår i hel eit husdyr, skal gje vederlag for det. Men den som slår i hel eit menneske, skal døy.
22 Éi lov skal gjelda for dykk, anten de er innflyttarar eller fødde i landet. For eg er Herren dykkar Gud.