7 På kvar rad skal du leggja rein røykjelse. Det skal vera eit påminningsoffer for brøda, eit gåveoffer for Herren.
8 I all framtid skal brøda leggjast fram for Herrens andlet, sabbat etter sabbat. Det er ei evig pakt hos israelittane.
9 Brøda høyrer Aron og sønene hans til, og dei skal eta dei på ein heilag stad. Dei er høgheilage og er hans del av Herrens gåveoffer. Det er ei evig forskrift.
10 Mellom israelittane var det ein mann som var son til ei israelittisk kvinne, men som hadde ein egyptisk far. I leiren kom sonen av den israelittiske kvinna i krangel med ein israelitt.
11 Denne sonen spotta Namnet og forbanna det. Då førte dei han til Moses. Mor hans heitte Sjelomit og var dotter til Dibri frå Dan-stammen.
12 Dei heldt han i forvaring til saka kunne avgjerast med eit ord frå Herren.
13 Og Herren sa til Moses: