1 Herren sa til Moses på Sinai-fjellet:
2 Tal til israelittane og sei til dei: Når de kjem inn i det landet eg vil gje dykk, skal landet halda sabbat for Herren.
3 Seks år skal du så til åkeren din, og seks år skal du skjera vinstokkane og samla inn grøda i landet.
4 Men i det sjuande året skal det vera sabbat, eit kvileår for landet, ein sabbat for Herren. Då skal du korkje så åkeren din eller skjera vinstokkane dine.
5 Du skal ikkje hausta det som har vakse av seg sjølv etter førre hausten, og du skal ikkje plukka druer på ein ustelt vinstokk. Det skal vera sabbatsår for landet.
6 Det som landet sjølv ber fram i sabbatsåret, skal vera til føde for dykk, for deg og slaven din og slavekvinna di, for dei framande som arbeider eller bur hos deg,
7 for buskapen din og for dei ville dyra i landet. All denne grøda skal de ha å eta.