11 Det femtiande året skal vera eit frigjevingsår for dykk. Då skal de ikkje så, ikkje hausta det som har vakse av seg sjølv, og ikkje plukka druene av ustelte vinstokkar.
12 For det er eit frigjevingsår; det skal vera heilagt for dykk. De kan eta det som marka sjølv ber fram.
13 I dette frigjevingsåret skal de koma tilbake, kvar til sin eigedom.
14 Når du sel noko til ein landsmann eller kjøper noko av han, skal de ikkje gjera urett mot kvarandre.
15 Du skal betala han etter talet på år sidan frigjevingsåret, og han skal setja prisen etter talet på år du kan hausta grøda.
16 Di fleire år det er att, di større kjøpesum, og di færre år, di mindre kjøpesum. For det er berre eit visst tal avlingar han sel deg.
17 De skal ikkje gjera urett mot kvarandre, men du skal frykta din Gud. For eg er Herren dykkar Gud.