26 Finst det nokon som ikkje har ein løysingsmann, men sjølv får så god råd at han kan løysa inn,
27 skal han ikkje ta med dei åra som har gått sidan han selde. Han skal gje kjøparen betaling for den tida som er att, og så kan han koma tilbake til eigedomen sin.
28 Men får han ikkje råd til å kjøpa henne tilbake, skal jorda høyra kjøparen til heilt til frigjevingsåret. Men i frigjevingsåret blir ho fri, og då kan han koma tilbake til eigedomen sin.
29 Når nokon sel eit bustadhus i ein by med murar omkring, gjeld løysingsretten berre for ei tid. Han har rett til å løysa inn huset innan eitt år etter salet.
30 Men blir det ikkje innløyst før utgangen av året, skal huset som ligg i ein by med murar omkring, høyra kjøparen og etterkomarane hans til for all framtid. Det blir ikkje fritt i frigjevingsåret.
31 Men husa i landsbyar utan murar ikring skal reknast likt med jordene på landet. Dei kan løysast inn, og i frigjevingsåret blir dei frie.
32 Når det gjeld levittbyane, har levittane alltid løysingsrett til hus i byane som ligg på deira eigedom.