32 Når det gjeld levittbyane, har levittane alltid løysingsrett til hus i byane som ligg på deira eigedom.
33 Om ein av levittane løyser inn det huset han har selt i byen der han har eigedom, blir det fritt i frigjevingsåret. For husa i dei byane som høyrer levittane til, er deira eigedom mellom israelittane.
34 Beitemarkene omkring byane deira må ikkje seljast; dei er deira eigedom for alle tider.
35 Når bror din blir så fattig at han ikkje kan greia seg lenger, skal du ta deg av han som du gjer med innflyttarar og framande, så han kan livberga seg hos deg.
36 Du må ikkje krevja rente eller forteneste av han; du skal frykta din Gud, så bror din kan livberga seg hos deg.
37 Du skal ikkje låna han pengar mot rente eller selja han matvarer og krevja meir att.
38 Eg er Herren dykkar Gud, som har ført dykk ut frå Egypt og vil gje dykk Kanaan og vera dykkar Gud.