36 Du må ikkje krevja rente eller forteneste av han; du skal frykta din Gud, så bror din kan livberga seg hos deg.
37 Du skal ikkje låna han pengar mot rente eller selja han matvarer og krevja meir att.
38 Eg er Herren dykkar Gud, som har ført dykk ut frå Egypt og vil gje dykk Kanaan og vera dykkar Gud.
39 Når bror din blir så fattig at han må selja seg til deg, skal du ikkje la han gjera slavearbeid.
40 Han skal ha det som ein leigekar eller framand hos deg og vera tenaren din til frigjevingsåret.
41 Då kan han flytta frå deg, både han og borna hans, fara heim att til slekta og koma tilbake til eigedomen til fedrane sine.
42 For dei er mine tenarar, som eg har ført ut frå Egypt; dei må ikkje seljast som ein sel slavar.