39 Når bror din blir så fattig at han må selja seg til deg, skal du ikkje la han gjera slavearbeid.
40 Han skal ha det som ein leigekar eller framand hos deg og vera tenaren din til frigjevingsåret.
41 Då kan han flytta frå deg, både han og borna hans, fara heim att til slekta og koma tilbake til eigedomen til fedrane sine.
42 For dei er mine tenarar, som eg har ført ut frå Egypt; dei må ikkje seljast som ein sel slavar.
43 Du skal ikkje vera som ein hard herskar mot han; du skal frykta din Gud.
44 Vil du få deg ein slave eller ei slavekvinne, skal de kjøpa dei av folkeslaga som bur rundt ikring dykk.
45 Like eins kan de kjøpa slavar av dei framande som held til hos dykk, og av etterkomarane deira som bur hos dykk og er fødde i landet. De kan eiga dei,