4 Men i det sjuande året skal det vera sabbat, eit kvileår for landet, ein sabbat for Herren. Då skal du korkje så åkeren din eller skjera vinstokkane dine.
5 Du skal ikkje hausta det som har vakse av seg sjølv etter førre hausten, og du skal ikkje plukka druer på ein ustelt vinstokk. Det skal vera sabbatsår for landet.
6 Det som landet sjølv ber fram i sabbatsåret, skal vera til føde for dykk, for deg og slaven din og slavekvinna di, for dei framande som arbeider eller bur hos deg,
7 for buskapen din og for dei ville dyra i landet. All denne grøda skal de ha å eta.
8 Så skal du telja sju sabbatsår fram, sju gonger sju år, så tida for dei sju sabbatsåra blir førtini år.
9 Den tiande dagen i den sjuande månaden skal du blåsa høgt i horn; på soningsdagen skal de la hornet lyda i heile landet.
10 De skal halda det femtiande året heilagt og ropa ut fridom i landet for alle som bur der. Det skal vera eit frigjevingsår for dykk. Då skal de koma tilbake, kvar til sin eigedom og kvar til si slekt.