52 Men er det få år att til frigjevingsåret, skal han rekna etter og betala ein løysingssum som svarar til desse åra.
53 Han skal vera som ein leigekar hos han år for år. Du må ikkje tola at den framande er som ein hard herskar mot han.
54 Men blir han ikkje lauskjøpt på denne måten, så blir han fri i frigjevingsåret, både han og borna hans.
55 For det er meg israelittane tener. Dei er mine tenarar som eg har ført ut frå Egypt. Eg er Herren dykkar Gud.