26 Når eg bryt sund brødstaven for dykk, skal ti kvinner steikja brød i ein og same omnen. Dei skal gje dykk brødet etter vekt, og de skal eta, men ikkje bli mette.
27 Dersom de likevel ikkje høyrer på meg, men set dykk opp mot meg,
28 då vil eg for min del setja meg opp mot dykk i vreide og tukta dykk sju gonger så hardt for syndene dykkar.
29 Då skal de eta kjøtet av dykkar eigne søner og døtrer.
30 Eg øyder offerhaugane dykkar, gjer ende på røykjelsesaltara og kastar lika av dykk opp på dei livlause avgudane dykkar; for eg har avsky for dykk.
31 Eg gjer byane dykkar til ruinar og legg heilagdomane i røys. Eg vil ikkje lukta godangen frå offera dykkar.
32 Eg gjer landet audt så fiendane som bur der, blir fælne.