31 Eg gjer byane dykkar til ruinar og legg heilagdomane i røys. Eg vil ikkje lukta godangen frå offera dykkar.
32 Eg gjer landet audt så fiendane som bur der, blir fælne.
33 Men dykk vil eg spreia mellom folkeslaga, og med sverd i hand vil eg forfølgja dykk. Landet dykkar skal bli til øydemark og byane til ruinar.
34 Då skal landet ta att sabbatsåra sine, heile den tida det ligg i øyde, medan de er i fiendelandet. Ja, då skal landet kvila og ta att sabbatsåra.
35 Så lenge det ligg audt, skal det kvila. Då skal det få den kvila det ikkje fekk i sabbatsåra, medan de budde der.
36 Og dei av dykk som er att, vil eg gjera redde der ute i fiendelandet, sjølv lyden av fykande lauv skal jaga dei. Dei skal rømma som ein rømmer for sverdet og falla endå ingen forfølgjer dei.
37 Den eine skal snåva over den andre, som om sverd var etter dei, endå ingen forfølgjer dei. De skal ikkje stå dykk mot fienden,