40 Då skal dei sanna skulda si og skulda til fedrane. Dei var trulause og sette seg opp mot meg.
41 Difor vil eg òg setja meg opp mot dei og føra dei til fiendeland. Då skal det uomskorne hjartet deira audmjuka seg, og dei skal få bøta for synda si.
42 Så vil eg koma i hug mi pakt med Jakob. Pakta med Isak og pakta med Abraham vil eg òg koma i hug. Eg vil koma landet i hug.
43 Men landet skal bli forlate av dei og ta att sabbatsåra sine medan det ligg audt etter dei. Og dei må bøta for si skuld fordi, ja, fordi dei vanvørde lovene mine og hadde avsky for forskriftene mine.
44 Men likevel vil eg ikkje forakta dei og ha avsky for dei når dei er i fiendeland. Eg vil ikkje gjera ende på dei og ikkje bryta mi pakt med dei. For eg er Herren deira Gud.
45 Til beste for dei vil eg koma i hug pakta med forfedrane, som eg førte ut frå Egypt midt for auga på folkeslaga fordi eg ville vera deira Gud. Eg er Herren.
46 Dette er dei forskriftene, boda og lovene som Herren fastsette mellom seg og israelittane på Sinai-fjellet gjennom Moses.