8 Fem av dykk skal jaga hundre, og hundre skal jaga ti tusen. Fiendane skal falla for sverd framfor dykk.
9 Eg vil venda meg til dykk og gjera dykk fruktbare og talrike; eg vil stå ved mi pakt med dykk.
10 De skal eta det gamle kornet heilt til de må rydda det bort så de får plass til det nye.
11 Eg vil reisa min bustad mellom dykk og ikkje ha avsky for dykk.
12 Eg vil ferdast midt mellom dykk. Eg skal vera dykkar Gud, og de skal vera mitt folk.
13 Eg er Herren dykkar Gud, som førte dykk ut frå Egypt så de ikkje skulle vera slavar for dei. Eg braut sund stengene på åket dykkar, og eg lét dykk gå rake.
14 Men om de ikkje vil høyra på meg og halda alle desse boda,