1 Herren sa til Moses:
2 Tal til israelittane og sei til dei: Når nokon vil oppfylla ein lovnad som gjeld menneske vigde til Herren, skal løysesummen fastsetjast slik:
3 Ein mann som er mellom tjue og seksti år, skal ha ein verdi på femti sjekel sølv etter den vekt dei nyttar i heilagdomen.
4 Er det ei kvinne, skal ho ha ein verdi på tretti sjekel.
5 Er det eit menneske som er mellom fem og tjue år, skal verdien av ein gut vera tjue sjekel og av ei jente ti sjekel.
6 Er det eit barn mellom ein månad og fem år, skal verdien av ein gut vera fem sjekel sølv og av ei jente tre sjekel sølv.