10 Ein må ikkje erstatta det eller byta det ut med eit anna dyr, korkje eit godt med eit ringt eller eit ringt med eit godt. Skulle ein likevel byta eit dyr i eit anna, skal både dyret som blir bytt ut, og det andre reknast for heilage.
11 Gjeld lovnaden eit ureint dyr, eit av dei som ikkje kan ofrast til Herren, skal det leiast fram for presten.
12 Og presten skal verdsetja det etter som det er, godt eller ringt. Den verdien som presten fastset, skal det ha.
13 Men skulle eigaren ønskja å løysa det inn, skal han leggja ein femtedel til verdien.
14 Når nokon vier huset sitt som ein heilagdom til Herren, skal presten fastsetja verdien, anten det er godt eller dårleg. Den verdien som presten fastset, skal gjelda.
15 Vil den som har helga huset sitt, løysa det inn, skal han betala ein femtedel meir enn det er verdsett til. Då blir det hans.
16 Når nokon helgar eit stykke av odelsjorda si til Herren, skal verdien fastsetjast etter mengda av såkorn: Til ein homer bygg svarar femti sjekel sølv.