16 Når nokon helgar eit stykke av odelsjorda si til Herren, skal verdien fastsetjast etter mengda av såkorn: Til ein homer bygg svarar femti sjekel sølv.
17 Helgar han jorda heilt frå frigjevingsåret, skal den fastsette verdien gjelda fullt ut.
18 Men er det etter frigjevingsåret han helgar jorda, skal presten rekna ut verdien etter dei åra som er att til komande frigjevingsår, og prisen skal setjast tilsvarande ned.
19 Men skulle den som har helga eit stykke jord, ønskja å løysa det inn, skal han leggja ein femtedel til verdien. Då er det hans for godt.
20 Men løyser han ikkje inn jordstykket, eller sel han det til ein annan, kan det ikkje løysast meir.
21 Når det blir fritt i frigjevingsåret, skal det vera vigd til Herren, på same måten som bannlyst jord. Presten skal få det i eige.
22 Når nokon helgar til Herren eit kjøpt jordstykke som ikkje har høyrt odelsjorda hans til,