21 Når det blir fritt i frigjevingsåret, skal det vera vigd til Herren, på same måten som bannlyst jord. Presten skal få det i eige.
22 Når nokon helgar til Herren eit kjøpt jordstykke som ikkje har høyrt odelsjorda hans til,
23 skal presten rekna ut verdien etter den tida som er att til komande frigjevingsår, og mannen skal betala pengane same dagen. Dei skal vera vigde til Herren.
24 I frigjevingsåret fell jorda tilbake til seljaren, han som har odelsretten.
25 All fastsetjing av verdi skal vera i den vekta dei nyttar i heilagdomen, der ein sjekel er tjue gera.
26 Det som er førstefødd i buskapen, må ingen helga. Fordi det er førstefødd, høyrer det Herren til. Anten det er storfe eller småfe, høyrer det Herren til.
27 Er det ureine dyr, skal ein løysa dei inn etter verdien og leggja til ein femtedel. Blir dei ikkje innløyste, skal dei seljast for verdien.