29 Eit menneske som er bannlyst, kan ikkje løysast. Det skal døy.
30 All tiend i landet, både av grøda på marka og av frukta på trea, høyrer Herren til. Ho er vigd til Herren.
31 Men skulle nokon ønskja å løysa inn noko av tienda, skal han leggja til ein femtedel.
32 All tiend av storfe og småfe, av alt som går under gjetarstav, kvart tiande dyr, skal vera vigd til Herren.
33 Ein skal ikkje sjå etter om det er godt eller ringt, og ikkje byta det. Men skulle det likevel bli bytt i eit anna, skal både dyret som blir bytt ut, og det andre vera heilage. Dei kan ikkje løysast.
34 Dette er boda til israelittane som Herren gav Moses på Sinai-fjellet.