12 Dersom offergåva hans er ei geit, skal han leia henne fram for Herrens andlet,
13 leggja handa på hovudet hennar og slakta henne framfor teltheilagdomen, og Arons søner skal stenka blodet hennar rundt om på altaret.
14 Av offergåva skal han bera fram som gåveoffer for Herren feittet som er på og rundt innvolane,
15 begge nyrene med talgen innmed hoftemusklane, og leverlappen, som han skal ta ut saman med nyrene.
16 Presten skal la det gå opp i røyk på altaret. Det er eit gåveoffer til godange for Herren. Alt feitt høyrer Herren til.
17 Dette er ei evig forskrift for dykk gjennom alle slekter, kvar de så bur. Feitt og blod må de aldri eta.