5 Sønene til Aron skal la det gå opp i røyk på altaret saman med brennofferet som ligg på veden over elden, eit gåveoffer til godange for Herren.
6 Dersom det er av småfeet han ofrar eit fredsoffer til Herren, skal det vera eit dyr utan feil, anten hann eller ho.
7 Dersom det er ein sau han ofrar, skal han leia han fram for Herrens andlet,
8 leggja handa på hovudet til offeret og slakta det framfor teltheilagdomen, og Arons søner skal stenka blodet rundt om på altaret.
9 Av fredsofferet skal han bera fram feittet som gåveoffer for Herren, heile feitthalen, som han skal skjera tett innmed ryggbeinet, feittet som dekkjer innvolane,
10 begge nyrene med talgen innmed hoftemusklane, og leverlappen, som han skal ta ut saman med nyrene.
11 Presten skal la det gå opp i røyk på altaret som gåveoffer for Herren.