13 Det kan henda at heile Israels forsamling syndar av vanvare og gjer noko som eitt av Herrens bod forbyr, og slik fører skuld over seg utan at forsamlinga er klar over saka.
14 Då skal forsamlinga, når synda blir kjend, ofra ein ung okse til syndoffer. Dei skal koma til teltheilagdomen med han,
15 dei eldste i forsamlinga skal leggja hendene på hovudet til oksen for Herrens andlet, og så skal dei slakta oksen for Herrens andlet.
16 Den salva presten skal bera noko av okseblodet inn i teltheilagdomen.
17 Presten skal dyppa fingeren i blodet og skvetta noko av det sju gonger framfor forhenget, for Herrens andlet.
18 Noko av blodet skal han stryka på horna på det altaret som står for Herrens andlet i teltheilagdomen. Resten av blodet skal han hella ut ved foten av brennofferaltaret, det som står framfor inngangen til teltheilagdomen.
19 Alt feittet skal han ta ut or oksen og la gå opp i røyk på altaret.