29 Han skal leggja handa på hovudet til syndofferdyret og slakta det på same staden som dei slaktar brennofferdyret.
30 Presten skal ta noko av blodet på fingeren og stryka det på horna på brennofferaltaret. Det som er att av blodet, skal han hella ut ved foten av altaret.
31 Alt feittet skal han ta til sides, slik dei gjer med feittet frå fredsofferet. Presten skal la det gå opp i røyk på altaret til godange for Herren. Såleis skal presten gjera soning for han, så han får tilgjeving.
32 Dersom han kjem med ein sau som offergåve for synd, skal det vera eit feilfritt hodyr.
33 Han skal leggja handa på hovudet til syndofferdyret og slakta det til eit syndoffer på same staden som dei slaktar brennofferdyret.
34 Presten skal ta noko av syndofferblodet på fingeren og stryka det på horna på brennofferaltaret. Resten av blodet skal han hella ut ved foten av altaret.