1 Det kan henda at ein person gjer ei synd:Han vitnar ikkje om noko han har sett eller har kjennskap til, sjølv om han har fått rettsleg innkalling til å vitna. Då må han sjølv ta straffa si.
2 Eller personen rører ved noko som er ureint, den døde kroppen av eit ureint villdyr eller av eit ureint husdyr eller av eit ureint kryp. Han var ikkje klar over det, men blir likevel urein. Han har ført skuld over seg.
3 Eller han rører ved noko ureint hos menneske, kva ureinskap som helst som ein blir urein av. Han var ikkje klar over det, men blir merksam på det. Han har ført skuld over seg.
4 Eller personen sver tankelaust at han vil gjera eit eller anna, vondt eller godt, kva det så kan vera eit menneske sver på i tankeløyse. Han var ikkje klar over det, men blir merksam på det. Han har ført skuld over seg på ein av desse måtane.
5 Den som slik har ført skuld over seg, skal sanna den synda han har gjort,