20 Herren sa til Moses:
21 Det kan henda at ein person syndar og ber seg trulaust åt mot Herren. Han lyg for landsmannen sin om eitkvart han har fått overlate eller tiltrudd, eller om eitkvart han har røva eller teke frå landsmannen sin med vald,
22 eller han har funne noko som ein annan har mista. Han lyg om det og sver falskt om ei eller anna synd som eit menneske kan gjera.
23 Då skal den som har synda og ført skuld over seg, gje att det han har røva eller teke med vald, fått i forvaring eller funne etter at det var bortkome,
24 eller svore falskt om. Han skal gje fullt vederlag og leggja til ein femtepart. Same dagen som skulda hans blir kjend, skal han gje det til eigaren.
25 Dessutan skal han koma til Herren med eit skuldoffer, ein feilfri vêr av småfeet, verdsett som eit fullgodt offer, og gje han til presten.
26 Og presten skal gjera soning for han for Herrens andlet, så han får tilgjeving for alt det han måtte ha gjort seg skuldig i.