8 Han skal koma til presten med dei, og presten skal først bera fram den dua som er til syndoffer. Han skal vri om hovudet på henne tett oppmed nakken, men ikkje riva det av.
9 Så skal han skvetta noko av syndofferblodet på altarveggen, og det som er att av blodet, skal pressast ut nedmed foten av altaret. Det er eit syndoffer.
10 Av den andre dua skal han laga til eit brennoffer, slik det er fastsett. Såleis skal presten gjera soning for han for den synda han har gjort, så han får tilgjeving.
11 Dersom han ikkje har råd til to turtelduer eller to dueungar, skal han koma med ein tiandedels efa fint mjøl som offergåve for synda; det er syndofferet hans. Han skal ikkje ha olje på det og ikkje leggja røykjelse oppå. For det er eit syndoffer.
12 Han skal koma til presten med det, og presten skal ta ein neve av mjølet til påminningsoffer og la det gå opp i røyk på altaret saman med Herrens gåveoffer. Det er eit syndoffer.
13 Såleis skal presten gjera soning for han for den av desse syndene som han har gjort, så han får tilgjeving. Det som er att av offeret, skal høyra presten til, på same måten som med grødeofferet.
14 Herren sa til Moses: