14 Med olje skal det lagast til på ei helle, og godt knadd skal det vera når dei kjem med det. Du skal dela det opp i småstykke og ofra det som grødeoffer, til godange for Herren.
15 Den av Arons søner som blir salva til prest i staden hans, skal laga det til. Dette er ei evig forskrift frå Herren. Heile offeret skal gå opp i røyk.
16 Alle grødeoffera til presten skal vera heiloffer; dei må ikkje etast.
17 Herren sa til Moses:
18 Sei til Aron og sønene hans:Dette er lova om syndofferet: På same staden som dei slaktar brennofferdyret, skal syndofferdyret òg slaktast for Herrens andlet. Høgheilagt er det.
19 Presten som ber fram syndofferet, skal eta det. På ein heilag stad skal det etast, i føregarden til teltheilagdomen.
20 Kvar den som rører offerkjøtet, blir heilag. Om nokon får blod skvetta på kleda, skal dei vaskast reine på ein heilag stad.