17 Herren sa til Moses:
18 Sei til Aron og sønene hans:Dette er lova om syndofferet: På same staden som dei slaktar brennofferdyret, skal syndofferdyret òg slaktast for Herrens andlet. Høgheilagt er det.
19 Presten som ber fram syndofferet, skal eta det. På ein heilag stad skal det etast, i føregarden til teltheilagdomen.
20 Kvar den som rører offerkjøtet, blir heilag. Om nokon får blod skvetta på kleda, skal dei vaskast reine på ein heilag stad.
21 Leirkar som det blir kokt i, skal knusast. Dersom det er kokt i ein koparkjel, skal han skurast og skyljast med vatn.
22 Alle menn som er prestar, kan eta av dette offeret. Høgheilagt er det.
23 Men syndofferet må ikkje etast dersom ein har bore blod av det inn i teltheilagdomen for å gjera soning. Då skal det brennast opp.