2 Gjev dette påbodet til Aron og sønene hans:Dette er lova om brennofferet: Brennofferet skal liggja på eldstaden på altaret heile natta, til det blir morgon, og der skal altarelden brenna.
3 Presten skal kle seg i linkjortel og bera ei bukse av lin nærast kroppen. Han skal ta bort oska etter brennofferet som elden har tært opp på altaret, og leggja henne attmed altaret.
4 Så skal han ta av seg kleda, ha på seg andre klede og bera oska ut av leiren, til ein rein stad.
5 Elden på altaret skal brenna og ikkje sløkkjast. Kvar morgon skal presten brenna ved på det, leggja brennofferet til rette på veden og la feittet av fredsofferet gå opp i røyk.
6 Det skal alltid brenna eld på altaret; han må ikkje slokna.
7 Dette er lova om grødeofferet: Arons søner skal bera det fram for Herrens andlet, fram til altaret.
8 Presten skal ta ein neve av det fine mjølet og oljen til grødeofferet og all røykjelsen som er lagd på grødeofferet, og la det gå opp i røyk på altaret. Det er eit påminningsoffer til godange for Herren.