12 Dersom nokon ber det fram som takkoffer, skal han saman med takkofferet bera fram runde usyra kaker med olje i, usyra flate brød, smurde med olje, og fint mjøl som er blanda med olje og knadd til kaker.
13 I tillegg til kakene skal han bera fram syra brød som offeret sitt saman med takkofferet og fredsofferet.
14 Av offera skal han gje eitt av kvart slag i gåve til Herren. Det skal høyra til den presten som stenkar blodet av fredsofferet på altaret.
15 Kjøtet av eit fredsoffer som er takkoffer, skal etast same dagen som det blir frambore. Ikkje noko av det må bli liggjande til neste morgon.
16 Dersom slaktofferet hans er eit lovnadsoffer eller eit frivillig offer, skal det etast same dagen som det blir frambore. Men det som blir att, kan etast dagen etter.
17 Dersom det enno er noko att av offerkjøtet tredje dagen, skal det brennast opp.
18 Men dersom nokon likevel et av fredsofferkjøtet tredje dagen, vil ikkje Gud ha glede i han som har ofra det, og det blir ikkje tilrekna han. Det er ureint, og den som et av det, fører skuld over seg.