19 Offerkjøt som rører ved noko ureint, må ikkje etast. Det skal brennast opp. Når det gjeld anna kjøt, kan alle som er reine, eta slikt kjøt.
20 Men ein person som et kjøt av Herrens fredsoffer med ureinskap på seg, skal støytast ut frå folket sitt.
21 Når ein person rører ved noko ureint, anten det er ureinskap på eit menneske eller det er eit ureint dyr eller noko anna ureint og motbydeleg, og han så et kjøt av Herrens fredsoffer, då skal han støytast ut frå folket sitt.
22 Herren sa til Moses:
23 Sei til israelittane:De skal ikkje eta feitt, anten det er av okse, sau eller geit.
24 Feittet av sjølvdaude og ihelrivne dyr kan brukast til kva som helst, men de må aldri eta det.
25 For kvar den som et feittet av dyr som det blir ofra gåveoffer av til Herren, skal støytast ut frå folket sitt.