2 På same staden som dei slaktar brennofferdyret, skal dei slakta skuldofferdyret. Blodet skal presten stenka rundt om på altaret,
3 og alt feittet skal han ofra: feitthalen, feittet som dekkjer innvolane,
4 begge nyrene med feittet som er på dei innmed hoftemusklane, og leverlappen, som han skal ta ut saman med nyrene.
5 Presten skal la det gå opp i røyk på altaret som gåveoffer til Herren. Dette er skuldofferet.
6 Alle menn som er prestar, kan eta av det. På ein heilag stad skal det etast. Høgheilagt er det.
7 Med skuldofferet skal det vera som med syndofferet; same lova gjeld for dei begge. Det skal høyra til den presten som gjer soning med det.
8 Og den presten som ber fram eit brennoffer for nokon, skal få skinnet av offerdyret som han har bore fram.