26 Blod må de ikkje eta, anten det er av fugl eller fe, kvar de så bur.
27 Kvar den som et noko slag blod, skal støytast ut frå folket sitt.
28 Herren sa til Moses:
29 Sei til israelittane:Den som vil bera fram eit fredsoffer for Herren, skal koma med det offeret han vil gje Herren av fredsofferet sitt.
30 Med eigne hender skal han koma med det som eit Herrens gåveoffer. Han skal koma med både feittet og bryststykket, og bryststykket skal svingast som eit svingeoffer for Herrens andlet.
31 Presten skal la feittet på altaret gå opp i røyk. Men bryststykket skal Aron og sønene hans ha.
32 Det høgre låret skal de gje presten i gåve av fredsoffera dykkar.