3 og alt feittet skal han ofra: feitthalen, feittet som dekkjer innvolane,
4 begge nyrene med feittet som er på dei innmed hoftemusklane, og leverlappen, som han skal ta ut saman med nyrene.
5 Presten skal la det gå opp i røyk på altaret som gåveoffer til Herren. Dette er skuldofferet.
6 Alle menn som er prestar, kan eta av det. På ein heilag stad skal det etast. Høgheilagt er det.
7 Med skuldofferet skal det vera som med syndofferet; same lova gjeld for dei begge. Det skal høyra til den presten som gjer soning med det.
8 Og den presten som ber fram eit brennoffer for nokon, skal få skinnet av offerdyret som han har bore fram.
9 Kvart grødeoffer som blir baka i omn, kokt i gryte eller steikt på helle, skal høyra til den presten som ber dei fram.