34 For brystet som blir svinga, og låret som blir gjeve i gåve, tek eg imot av israelittane når dei ber fram fredsoffera sine. Eg gjev dei til Aron, presten, og sønene hans. Dette er ei evig forskrift for israelittane.
35 Dette er den delen Aron og sønene hans skal ha av Herrens gåveoffer den dagen dei blir førte fram og skal gjera presteteneste for Herren.
36 Det påla Herren israelittane å gje dei den dagen dei blir salva. Dette er ei evig forskrift for dei gjennom alle slekter.
37 Dette er lova om brennofferet, grødeofferet, syndofferet, skuldofferet, vigslingsofferet og fredsofferet,
38 som Herren gav Moses på Sinai-fjellet den dagen han påla israelittane at dei skulle bera fram offera sine for Herren i Sinai-øydemarka.