7 Med skuldofferet skal det vera som med syndofferet; same lova gjeld for dei begge. Det skal høyra til den presten som gjer soning med det.
8 Og den presten som ber fram eit brennoffer for nokon, skal få skinnet av offerdyret som han har bore fram.
9 Kvart grødeoffer som blir baka i omn, kokt i gryte eller steikt på helle, skal høyra til den presten som ber dei fram.
10 Men alle andre grødeoffer, anten dei er blanda med olje eller er tørre, skal høyra Arons søner til, den eine like mykje som den andre.
11 Dette er lova om fredsofferet som ein ofrar til Herren:
12 Dersom nokon ber det fram som takkoffer, skal han saman med takkofferet bera fram runde usyra kaker med olje i, usyra flate brød, smurde med olje, og fint mjøl som er blanda med olje og knadd til kaker.
13 I tillegg til kakene skal han bera fram syra brød som offeret sitt saman med takkofferet og fredsofferet.