30 Så tok Moses noko av salvingsoljen og av blodet som stod på altaret, og skvette det på Aron og kleda hans og på sønene hans og kleda deira. Slik helga han Aron og kleda hans og sønene og kleda deira.
31 Og Moses sa til Aron og sønene hans: «De skal koka kjøtet ved inngangen til teltheilagdomen og eta det der saman med brødet som er i vigslingskorga, slik eg har bode: Aron og sønene hans skal eta det.
32 Men det som blir att av kjøtet og brødet, skal de brenna opp.
33 Og i sju dagar skal de ikkje forlata inngangen til teltheilagdomen, heilt til den dagen vigslingstida er ute. I sju dagar skal vigslinga vara.
34 Som de har gjort i dag, slik har Herren bode at det skal gjerast sidan, til soning for dykk.
35 De skal halda dykk ved inngangen til teltheilagdomen i sju dagar, både dag og natt, og akta på det som Herren har fastsett, så de ikkje skal mista livet. For det har eg fått påbod om.»
36 Og Aron og sønene hans gjorde alt det som Herren hadde bode dei gjennom Moses.