15 Så bar han fram offeret frå folket. Han tok bukken som var syndoffer for folket, slakta han og ofra han som syndoffer på same måten som den første.
16 Han bar fram brennofferet og gjorde slik det var fastsett.
17 Grødeofferet bar han òg fram. Han tok ei handfull av det og lét det gå opp i røyk på altaret, i tillegg til morgonbrennofferet.
18 Han slakta oksen og vêren som var fredsoffer for folket. Sønene hans gav han blodet, og han stenka det rundt om på altaret.
19 Feittet på oksen og vêren, både feitthalen, feittet som dekte innvolane, begge nyrene og leverlappen,
20 alt dette la dei på bryststykka. Aron lét feittet gå opp i røyk på altaret.
21 Men bryststykka og det høgre låret svinga han som eit svingeoffer for Herrens andlet, slik som Moses hadde gjeve påbod om.