20 alt dette la dei på bryststykka. Aron lét feittet gå opp i røyk på altaret.
21 Men bryststykka og det høgre låret svinga han som eit svingeoffer for Herrens andlet, slik som Moses hadde gjeve påbod om.
22 Aron lyfte hendene over folket og velsigna dei. Så gjekk han ned, etter at han hadde bore fram syndofferet, brennofferet og fredsofferet.
23 Sidan gjekk Moses og Aron inn i teltheilagdomen. Då dei kom ut att, velsigna dei folket, og Herrens herlegdom synte seg for heile folket.
24 Det fór ut eld frå Herren og brende opp det som var på altaret, både brennofferet og feittet. Då folket såg det, ropa dei høgt av glede og kasta seg ned med andletet mot jorda.