5 Dei tok med seg det som Moses hadde gjeve påbod om, fram til teltheilagdomen. Så steig heile forsamlinga fram og stod for Herrens andlet.
6 Då sa Moses: «Dette er det Herren har bode dykk å gjera, slik at Herrens herlegdom skal syna seg for dykk.»
7 Og Moses sa til Aron: «Du skal gå fram til altaret og ofra syndofferet og brennofferet ditt og gjera soning for deg sjølv og for folket! Ber så fram offeret frå folket og gjer soning for dei, som Herren har gjeve påbod om!»
8 Så gjekk Aron fram til altaret og slakta kalven som var syndoffer for han sjølv.
9 Arons søner bar fram blodet til han, og han dyppa fingeren i blodet og strauk det på altarhorna. Resten av blodet helte han ut nedmed altarfoten.
10 Feittet, nyrene og leverlappen av syndofferdyret lét han gå opp i røyk på altaret, slik som Herren hadde pålagt Moses.
11 Men kjøtet og skinnet brende han opp utanfor leiren.