7 Og Moses sa til Aron: «Du skal gå fram til altaret og ofra syndofferet og brennofferet ditt og gjera soning for deg sjølv og for folket! Ber så fram offeret frå folket og gjer soning for dei, som Herren har gjeve påbod om!»
8 Så gjekk Aron fram til altaret og slakta kalven som var syndoffer for han sjølv.
9 Arons søner bar fram blodet til han, og han dyppa fingeren i blodet og strauk det på altarhorna. Resten av blodet helte han ut nedmed altarfoten.
10 Feittet, nyrene og leverlappen av syndofferdyret lét han gå opp i røyk på altaret, slik som Herren hadde pålagt Moses.
11 Men kjøtet og skinnet brende han opp utanfor leiren.
12 Så slakta han brennofferet. Arons søner gav han blodet, og han stenka det rundt om på altaret.
13 Dei gav han sjølve brennofferet, stykke for stykke og med hovudet, og han lét det gå opp i røyk på altaret.