21 Men benjaminittane dreiv ikkje bort jebusittane som budde i Jerusalem, og jebusittane bur saman med benjaminittane i Jerusalem den dag i dag.
22 Josef-stammane drog òg ut mot Betel, og Herren var med dei.
23 Dei sende folk til å utforska Betel. Byen heitte før Lus.
24 Dei som var ute og undersøkte, fekk sjå ein mann koma ut frå byen. Dei sa til han: «Syn oss no kvar vi kan ta oss inn i byen, så skal vi spara deg!»
25 Han viste dei kvar dei kunne koma inn, og dei slo byen med sverd. Men mannen og heile familien hans lét dei gå.
26 Mannen drog til hetittlandet. Der bygde han ein by som han kalla Lus, og det heiter byen den dag i dag.
27 Manasse dreiv ikkje bort folket i Bet-Sjean og Taanak med småbyane som høyrde til, heller ikkje innbyggjarane i Dor, Jibleam og Megiddo med småbyane deira. Kanaanearane greidde å halda seg i dette landet.