Dommarane 20 N11NN

Krig mot Benjamin

1 Då tok alle israelittane ut, og heile forsamlinga kom saman for Herren i Mispa, alle som ein, frå Dan til Beer-Sjeba og frå Gilead-landet.

2 Og hovdingane for heile folket, for alle Israel-stammane, møtte fram i forsamlinga av Guds folk. Det var fire hundre tusen fotfolk, våpenføre menn.

3 Benjaminittane fekk høyra at israelittane hadde fare opp til Mispa. Og israelittane sa: «Fortel korleis det gjekk til med denne ugjerninga!»

4 Levitten, mannen til den kona som vart drepen, tok då til orde og sa: «Eg og følgjekona mi kom til Gibea i Benjamin og ville få hus der for natta.

5 Men innbyggjarane i Gibea kom mot meg om natta og omringa huset eg var i. Meg tenkte dei å drepa, og følgjekona mi valdtok dei så ho døydde.

6 Då greip eg følgjekona mi og skar henne opp og sende stykka rundt til alle område i Israels land. For dei hadde gjort ei avskyeleg og skammeleg gjerning i Israel.

7 No er de samla her, alle Israels menn. Kom fram med meininga dykkar og gjev råd!»

8 Då reiste folket seg, alle som ein, og sa: «Ingen av oss skal dra bort til teltet sitt eller fara heim til huset sitt.

9 No vil vi gjera slik med Gibea: Vi går mot byen etter loddkasting.

10 Vi tek ut ti mann for kvart hundre av alle stammane i Israel, hundre for kvart tusen, og tusen for kvart titusen. Dei skal sørgja for forsyningar til hæren, så dei, når dei kjem til Gibea i Benjamin, kan gje folket der like for den skammelege gjerninga dei har gjort i Israel.»

11 Så samla dei seg, alle Israelsmennene, og drog mot byen, alle som ein.

12 Og Israel-stammane sende bod til alle ættgreinene i Benjamin og sa: «Kva er det for ei ugjerning som er gjord hos dykk?

13 Send ut til oss dei gudlause mennene i Gibea, så vi kan drepa dei og rydda det vonde ut av Israel.» Men benjaminittane ville ikkje høyra på brørne sine, israelittane.

14 Benjaminittane samla seg frå alle byane sine og kom til Gibea for å gå til kamp mot israelittane.

15 Den dagen mønstra dei tjueseks tusen våpenføre menn frå dei andre byane. Attåt det mønstra folket i Gibea sju hundre utvalde krigarar.

16 I heile denne hæren fanst det sju hundre utvalde menn som var venstrehendte. Når dei kasta slyngjesteinen, kunne dei råka eit hårstrå; ingen bomma.

17 Utan at Benjamin var medrekna, mønstra Israel fire hundre tusen våpenføre menn, alle øvde krigarar.

18 Israelittane braut opp og drog til Betel. Der spurde dei Gud til råds: «Kven av oss skal først dra ut i krigen mot Benjamin-mennene?» Og Herren svara: «Juda først.»

19 Om morgonen braut israelittane opp og slo leir midt imot Gibea.

20 Så drog Israelsmennene fram til kamp mot Benjamin. Dei gjekk mot Gibea, fylka til strid.

21 Men benjaminittane kom ut frå Gibea og felte den dagen tjueto tusen israelittar.

22 Likevel tok hæren til israelittane mot til seg og fylka seg til strid på same staden der dei hadde fylka seg dagen før.

23 Dei gjekk opp til heilagdomen og gret for Herrens andlet heilt til kvelds. Og dei spurde Herren: «Skal vi igjen dra fram og kjempa mot benjaminittane, brørne våre?» «Gå imot dei!» svara Herren.

24 Dagen etter gjekk israelittane mot Benjamin-mennene,

25 og andre gongen kom Benjamin ut imot dei frå Gibea. Dei felte på nytt atten tusen israelittar, alle saman våpenføre menn.

26 Då drog alle israelittane, heile hæren, opp til Betel. Der sat dei gråtande for Herrens andlet og fasta heile dagen, heilt til kvelds. Dei bar fram brennoffer og fredsoffer for Herren.

27 Og israelittane spurde Herren til råds, for den gongen stod Guds paktkiste der,

28 og Pinhas, son til Elasar og soneson til Aron, gjorde den tid teneste framfor henne. Dei spurde: «Skal vi endå ein gong dra ut og kjempa mot benjaminittane, brørne våre, eller skal vi la det vera?» Og Herren svara: «Dra ut! I morgon vil eg gje dei i dykkar hender.»

29 Då la israelittane folk i bakhald rundt omkring Gibea.

30 Tredje dagen drog israelittane mot Benjamin. Dei fylka seg og gjekk mot Gibea slik som dei andre gongene.

31 Benjaminittane kom ut imot hæren og vart dregne bort frå byen. Liksom dei førre gongene felte dei først nokre av israelittane på landevegane som fører oppover, den eine til Betel og den andre over marka til Gibea. Det var om lag tretti mann av Israel som fall.

32 Då tenkte benjaminittane: «Vi slår dei no som før.» Men israelittane sa: «Lat oss rømma, så vi får drege dei bort frå byen og ut på landevegane.»

33 Så trekte alle israelittane seg tilbake frå staden der dei hadde stått, og fylka seg i Baal-Tamar. Samstundes sprang dei som låg i bakhald, fram frå gøymestaden sin vest for Gibea.

34 Og ti tusen utvalde stridsmenn av heile Israel gjekk beint mot Gibea. Det vart ein hard strid. Men Benjamin-mennene visste ikkje at ulukka var så tett innpå dei.

35 Herren slo Benjamin framfor israelittane. Den dagen felte israelittane tjuefem tusen eitt hundre mann av Benjamin, alle saman våpenføre menn.

36 Då såg Benjamin-mennene at dei var slegne.Dei andre israelittane trekte seg tilbake frå Benjamin, for dei leit på dei som dei hadde lagt i bakhald attmed Gibea.

37 Dei som låg i bakhald, storma no mot Gibea, spreidde seg og øydde heile byen med odd og egg.

38 Dei andre israelittane hadde gjort den avtalen med bakhaldsmennene at dei skulle la ein tjukk røyk stiga opp frå byen som eit signal.

39 Då no israelittane snudde ryggen til i striden, felte Benjamin i førstninga nokre av dei, om lag tretti mann. Dei tenkte: «Vi slår dei no som førre gongen.»

40 Men så tok signalet, ei røyksøyle, til å stiga opp frå byen. Og då Benjamin-mennene snudde seg, fekk dei sjå at heile byen stod i loge som slo opp mot himmelen.

41 I det same kom israelittane att. Då vart benjaminittane gripne av redsle, for dei såg at ulukka var tett innpå dei.

42 For å sleppa unna israelittane snudde dei og tok vegen mot ørkenen, men striden følgde dei i hælane. Snart var dei som kom frå byane, midt imellom dei og gjorde ende på dei.

43 Israelittane omringa benjaminittane, forfølgde dei utan stans og trakka dei ned, heilt til dei var beint i aust for Gibea.

44 Det fall atten tusen mann av Benjamin, alle saman djerve stridsmenn.

45 Dei andre snudde og rømde ut i ørkenen, til Rimmon-berget. Israelittane nådde endå att fem tusen mann på landevegane. Så sette dei etter resten heilt til Gideom og hogg ned to tusen til.

46 I alt fall det tjuefem tusen våpenføre menn av Benjamin den dagen; alle desse var krigarar.

47 Seks hundre mann snudde og rømde ut i ørkenen, til Rimmon-berget. Der heldt dei til i fire månader.

48 Men israelittane drog tilbake til Benjamin og øydde byen med odd og egg; alt dei kom over, hogg dei ned, både folket og feet. Og alle byane i landet sette dei eld på.

Kapitler

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21